Vibratorfeminisme

Av Bente Kalsnes, Bergens Tidende 25.9.1999

Den amerikanske fittstimen seier nei til politisk korrekt sex, vil la seg opphisse av porno og onanere når dei vil. Dei krever at alle jenter får vibrator på 13-årsdagen.

Bøkene Fittstim og Råtekst har for alvor gjort feminisme til eit populærkulturelt fenomen i Skandinavia. Den amerikanske feministar har derimot brukt denne strategien heilt sidan 70-talet. I seks år har jentemagasinet BUST www.bust.com) stått for det fremste uttrykket for den nye feminismen, og i desse dager kan ein lese dei største slagerane i boka «The BUST Guide to the New Girl Order». Og BUST lar ikkje sine lesarar vere i tvil om at vibratorar kan vere kjekke leiker for vaksne jenter.

Heller vibrator enn silikon

Hjernane bak det liberale feministmagasinet og boka er Debbie Stoller (36), Marcelle Karp (35) og Laurie Henzel (35). Målet deira er ikkje mindre enn å forandre verda. I likskap med Fittstim og Råtekst-skribentane vil BUST-forfattarane vere «snygga, tuffa og coola». Men BUST går lenger. Menn har fått dominere sex-praten for lenge. No er det jentene sin tur til å leie samtalen, og då er det ikkje lenger noko som heiter politisk korrekt sex. BUST-jentene vil se og lese porno, onanere, bruke sex-reiskap og ha mange orgasmer. I den rekkjefølgja det måtte passe seg.

— Vi fokuserer ikkje på sex berre for at jenter skal få fleire orgasmer, men også fordi sex heng saman med det meste i vår kultur. Anoreksia, dårleg sjølvtillit, plastiske operasjonar, depresjonar, alt dette er konsekvensar av at kvinner blir definert som passive sexobjekt utan makt i den amerikanske kommersielle kulturen. Den amerikanske dobbeltmoralen gjer også at det er fullstendig akseptabelt at unge jenter kjøper seg silikonpuppar, men uakseptabelt at dei kjøper vibratorar. Desse forskrudde ideane om kvinner og sex vil vi gjere noko med, fortel Stoller.

Hennes første vibrator

Den kvelden eg treff Stoller og resten av BUST-redaksjonen, har over 150 møtt opp på Barnes & Noble i East Village, New York, for å høyre jentene lese frå boka. Ein knisande sal høyrer Yale-utdanna Stoller fortelje om første gong ho kjøpte og prøvde ein vibrator.

Enno tener ikkje BUST-jentene ein cent på feminismen sin, men drøymen er ein dag å byggje eit BUST-imperium. Til Newsweek har Stoller fortalt at dei vil lage tv- og radio-show og skrive fleire bøker. Men førebels er BUST eit fritidsprosjekt, innimellom fleire frilansjobbar. I dag kjøpar 32.000 leserar magasinet på glossy papir to gangar i året. Og sidan august har 20.000 lest «A BUST Guide to the New Girl Order».

I likskap med Fittstim og Råtekst er BUST meint å skulle gi eit riktigare bilete av dagens kvinner. BUST-redaktørane er blant annet opptatt av å «ta tilbake» ord.

C. Love om å vere slem

– Strategien med å gi ord nye meiningar er eigentleg stjålen frå homserørsla, fordi dei tidleg innsåg at ord har stor makt. Ord som «bitch» eller «cunt» betyr ikkje lenger det same. Vi har tatt dei tilbake og gitt dei nytt innhald. Det same gjeld ordet «girl». På 70-talet var det politisk ukorrekt for feministar å seie jente, fordi ordet var så nedlatande. Eg huskar eg kunne kome heim til mora mi etter skulen og fortelje kva «ei kvinne» i klassa hadde sagt. Denne «kvinna» var ei av mine 11-årige klassevenninner. Det er heilt utruleg. Heldigvis ser vi no at «jente» er blitt eit honnørord som utstråler feminin styrke, fortel Debbie Stoller.

Ho blei difor ikkje overraska då Courtney Love ein dag var på telefonen, og spurte om ho kunne få skrive i BUST om kor bra det er å vere slem pike. Resultatet er å finne i den nye BUST-boka. No ventar dei berre på ein telefon frå Madonna.

Feminine feministar

I likskap med Madonna ønskjer også BUST-jentene å ta tilbake leppestiften og bh-en som ei feministisk utrustning. Syttitalsfeministane måtte leite lenge etter leppestiftfrie jenter på BUST-opplesinga denne kvelden. På bokhandel Barnes & Nobles glitra det i lyseblå augeskuggar og mørkeraude leppomadar, og kinnbein og skuldre blinka i gull og sølv. For dette er feminine feministar.

– Madonna har brukt et sexy image til å uttrykke styrke og makt. Medan ein på 70-talet ikkje skulle kle seg sexy, kunne ein på 50-talet ikkje spele bevisst på sex-appellen, det ville vere horete. Med Madonnas 80-talsvariant av Marilyn Monroe forandra dette seg. Ho var den første som til å «Express Yourself» i stor målestokk, med media som sjokkerte budbringarar. Mange heterofile menn kan ikkje fordra Madonna av den grunn, medan homsar og unge jenter elsker ho, hevdar Stoller.

Fødselspermisjon utopisk

Etter å ha tatt ein doktorgrad i kvinnepsykologi på Yale, er Stoller overbevist om at ein må gå gjennom populærkulturen for å endre amerikanske verdiar.

Bodskapet frå amerikanske feministar på 70-talet var «personleg er politisk». I dag er personleg bytta ut med populær. For det er i populærkulturen dei amerikanske verdiane kjem til uttrykk. For å endre verdiar, skal det meir til enn politiske tiltak. Fødselspermisjon, slik de har i Noreg, er heilt utopisk i dette landet. Då har eg meir tru på at eit lite magasin som BUST kan gjere verda ein betre stad å vere for feministar

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *